|
|
|
|
|
|
 |
| |
| Kontaktinformasjon |
Raftevolds Hotel
6763 Hornindal, NORWAY
Tel: +47 57 87 96 05
Fax: +47 57 87 96 06
Best Western kontakt info:
Best Western Hotels Norway
Kronprinsens gate 1
N-0251 Oslo
Tel: 47 22 94 40 60
Fax: 47 22 83 00 49
E-mail: info@bestwestern.no
|
|
Ved austenden av Hornindalsvatnet - Europas djupaste innsjø (514 m) og ved den velkjende turistruta mellom Sunnmøre og Nordfjord, har Raftevolds Hotel eksistert i meir enn 140 år. Ola M. Raftevold (1844-1942) kjøpte eit gammalt naust og innreidde det til skyss-stasjon i 1867. Sidan den tid har mykje forandra seg; hotellet har vorte utvida og modernisert fleire gonger, og det siste store tilbygget sto ferdig i 1975.
Hotellet har vore i same familien sidan starten, og det er no fjerde generasjon som tek seg av den daglege leiinga. Raftevold Hotel er eit moderne turisthotel der gammal gjestfridom og heimsleg atmosfære har følgt med frå først av. Her er 44 rom med bad, dusj, WC, balkong, radio, telefon og TV, romslege opphaldsrom, dansesal, bar, to spisesalar, TV-rom og kafe. Møtesal for kurs og konferansar.
Raftevolds Hotel er eit godt utgongspunkt for rundturar med bil eller buss til kjende turiststadar i distriktet.
|
|
|
Hornindal trekkspelklubb arrangerar den årlege festen sin fredag 15/10 og laurdag 16/10. Fleire tilreisande og lokale musikkgrupper vil spele til dans begge kveldane og laurdag ettermiddag blir det konsert.
Hotellet har fullt for overnatting i skrivande stund, men vi kan setje på venteliste eller formidle alternativ overnatting. Vi har god plass til dei som vil komme og danse, husk bordbestilling. Det er inngongsbillett til dansen, men for buande gjester er den inkludert i prisen.
Velkomne til trivelege dansekveldar i oktober !
|
|
|
|
|
|
Kvar søndag og andre helgedagar har vi søndagsmiddag i kafeen eller de kan få sitje oppe i matsalen dersom det er ønskjeleg.
Menyen er oftast Sosakjøt m/ertestuing og gulrot, tyttebærsyltetøy, heimelaga karamellpudding og kaffi/te
kr 175.-
Vi har også fleire andre rettar frå kr 90.- og oppover.
Velkomne til eit godt måltid !
|
|
|
|
|
|
Årets HAUSTFEST med Gunnar GP Pedersen og Sigfrid Eiksund 24-26/9-2010. Det blir dans fredag og laurdag, allsong og mykje moro!
Hotellopphald inkl. halvpensjon: fredag -søndag : kr 2.050.- pr. pers. i dobbeltrom
laurdag-søndag: " 1.260.- pr. pers. i dobbeltrom
tillegg enk.rom: " 175.- pr, natt
Prisane inkl. inngongsbillett til dansen begge kveldane.
For dei som ikkje skal bu på hotellet, er det fri inngong fredag, laurdag inngongsbillett kr 125.-.
Velkomne til ei triveleg septemberhelg ! For bestilling ring oss på tlf. 57 87 96 05 eller send epost til : /mailto:post@raftevold.no
|
|
|
|
|
| I den gamle dansesalen vår "Dølen" som ligg i første etasje, rett ved resepsjonen, har Rolf Haugen (85) opna radioutstilling. Mange radioapparat og andre tekniske nyvinningar frå det nittande århundre er samla der. I tillegg til norskproduserte radioar, er der også telefonapparat og grammofonar frå denne fantastiske epoken i kommunikasjonshistoria vår. |
|
|
|
|
|
Vi tek gjerne imot bryllaup og har gode, romslege lokale opp til 80-90 gjester. Vi har ein pris på
kr 580.- pr. pers. som inkluderar: Tre rettars middag m/kaffi (suppe, hovedrett servert to gongar, dessert), kaffi og eigne kaker seinare på ettermiddagen/kvelden og nattmat (betasuppe og rundstykke). Utan nattmat: kr 540.-. Mot eit mindre tillegg kan suppa bytast ut med ein kald forrett. Vi har fleire rettar å velje mellom.
Middagen vert servert i ein av matsalane våre der vi dekkar festbord med kvite dukar, lys og blomster. Eige lokale utover kvelden er også inkludert i prisen, likeeins Honndalsstova til presangrom. Den kan låsast slik at gåvene kan stå til dagen etter.
Dobbeltrom m/frukost fritt til brudeparet.
Drikkevarer og musikk kjem i tillegg.
Eigne prisar for born.
|
|
|
|
|
|
|
|
|
|